geitost frå kandalen

Kandalsosten er ein fyldig, brun geitost laga på geitemjølk frå egne geiter.

I oktober vann vi gull i Norsk gardsost.

Vi sett pris på at andre ser den kjærleiken vi legg i å levere smakfull, tradisjonell brunost. Denne utmerkinga er ein god bekreftelse på det vi sjølve og mange rundt oss seier og tykkjer om osten.  Det betyr mykje å få det bekrefta av dei beste fagfolk i Noreg.

 

Osten vi lagar på garden vår er eit tradisjonsprodukt, frå råvarer til ferdig produkt.

Alle prosessane skjer her på garden. Mjølka kjem frå våre eigne geiter, og alt frå mjølking, separering, løyping og koking er gjort på tradisjonelt vis. Vi har gjort om eit gamalt kraftverksbygg til produksjonslokale.

Like ved ysteriet vårt er Kandals vakraste fossefall og difor har vi også sett i stand Ysteriparken, slik at du også skal kunne både nyte utsikta, men også oppleve dyra og observere produksjon, vere tett innpå det som skjer her hjå oss.

Når kokinga er ferdig kaldrørast osten, deretter blir den satt i former og kjølt ned. Ferdig ost blir kutta til stykker på eit kilo og 500 gram. Deretter vert osten pakka, eller emballert som det også kallast.

Om sommaren har vi også Støylsost, då går geitene på støylen heile sommaren og mangfoldet i støylsbeitet set preg på mjølka.

Vårt mål er å gje deg smaksopplevingar med særpreg, tufta på tradisjonar og oppskrifter her frå bygda.

 

Skinn

Flotte skinn av sau, geit og storfe!

Alle skinna er frå eige dyr!

Ta kontakt om du vil bestille, har spørsmål eller vil sjå fleire bilete!