Dyra skal ha det bra!

På Neretunet, som er namnet til garden vår, er vi opptekne av at dyra skal ha det bra – heile året.

Om sommaren går geitene og sauene på støylen, og resten av året går dei mykje på beite nærare garden. For oss er dyrevelferd svært viktig.

At geitene og sauene får gå fritt og ete det dei har lyst på store deler av året set preg på både mjølka og kjøtet. Ikkje minst skapar det trivsel for dyra, og det i seg sjølv er ein verdi for oss.

 

Det ligg mykje hardt arbeid bak kvalitetsmjølk, både sommar som vinter skal dyra ha riktig og nok for og nok drikke. Variert kost gjer både god smak og trivsels hjå dyra.

 

I 2021 kom det også to grisar til garden, dei et mellom anna biprodukt frå osteproduksjonen. Grisar er «luksusdyr» som likar å ha det behageleg, og hos oss er det godt og bu. Nokre dagar er det «spadag» med både dusj og gjørmebad. Grisar kan bli solbrende, så dei har sin eigen plass i skuggen.

 

Elles på garden har vi hest og høner, dei, som alle dei andre dyra, skal ha det godt. Dette er ikkje dyr som er en del av produksjonen på garden, man skaper heilskap i miljøet her hos oss.