Historia vår

Kandal ysteri og gardsmat er skapt av Erlend og Solveig

på garden Neretunet i Kandal, i Gloppen kommune.

I bakkane mellom Skjortefjellet og Breimsvatnet ligg garden naturskjønt til.

Kandal ysteri og gardsmat starta med at Erlend var busett i Oslo og ville heim til Kandal. Med interesse for mat og med Bestemor som inspirasjon, ble ideen om ekte brunost, laga av mjølk frå eigne geiter, på tradisjonelt vis skapt. Saman med mor, Solveig, blei ideen realisert.

Tidlegare var det både meieri og ei meieriskule i Kandalen, og i så måte er ost frå Kandalen ein 130 år gamal tradisjon. 67 år etter meieriet la ned, opna ysteriet på Neretunet, garden der det heile skjer.

Garden rommar ikkje bere ysteri, men også dyr – geiter, sauer, grisar, høns og ein hest. I tillegg har Solveig sitt eige atelier over geitefjøsen. Gardsliv og kunst i ei spanande foreining.

 

Om sommaren kan du komme til Kandalen og gå på kafé og nyte utsikta i Ysteriparken; ved å følje oss på facebook får du varsel om når du kan drikke god kaffi og ete mat her.